Hardangerbrua - dei fyrste ideane med litt bakgrunn

I 2009 starta arbeidet på Bu med bygging av Hardangerbrua. Det har vore ein lang veg dit og her er nokon historiske tilbakeblikk som har vore med og farga vegen fram til i dag sett med ”briller” frå Bu, no og tidlegare.

Aamund K. Bu (fødd 12. juli 1872 død 27. september 1944) er oppvaksen på Bu på nabogarden der Hardangerbrua i dag kjem i land. Han var lokalhistorikar, museumsmann og oppfinnar.
I 1923 støypte Aamund K. Bu ei flaggstong i betong heime på gardstunet på Bu i Hardanger.

Flaggstong i betong

(bilete HFU-WA-0114, fotograf er Anders P Wallevik og eigar er Hardanger Folkemuseum)

Han støypte betongmaster ståande i staden for liggjande, og vart landskjent for patenten ”Master i armert betong”. Oppfinninga vart grunnlaget for firmaet Betonmast AS, som vart skipa i 1923 i Bergen. I dag ligg firmaet i Oslo og frå nettsida deira www.betonmast.no har me henta følgjande:
”Patentet baserer seg på en klatreforskalingsteknikk som ypperlig egnet seg til støping av betongmaster til linjenett. ”

Klatreforskaling

(bilete u-4a og u-59) Eigar av foto: Jørgen Røte.
I arbeidet med støyping av tårna for Hardangerbrua vert det i dag nytta ei ”form” for klatreforskalingsteknikk. (sjå Gangstå - Veidekke)

I 1937 vart Fyksesund bru opna. Brua var ein del av prosjektet Hardangervegen som skulle gjeva ferjefritt vegsamband mellom Bergen og Eide i Granvin.

Fyksesundbrua er ei hengebru av typen mjuke hengebruer. ”Overingeniør Olaf Stang utviklet «den myke hengebroen». Han fant at broene med fagverks avstivningsbærere var uøkonomiske for norske forhold, og introduserte en mer fleksibel type med bruk av valsede stålbjelker”. (frå Store Norske leksikon)

Fyksesundbrua på 230 meter er den største av desse.

Fyksesund bru

 

Fyksesund bru

Fyksesund bru

( bilete u-43,u-45 og u-62. Eigar foto er Jørgen Røte)

Fylkesvegplanen hadde og inne eit kostbart vegprosjekt som gjekk frå Ulvik om Osa og Simadalen til Eidfjord. Det ville med dette prosjektet verta ferjefri heilårsveg frå Bergen til Eidfjord, og Bergen Odda. Vegen mellom Odda og Eidfjord var under arbeid og ville stå ferdig på vår eller føresumar i 1938.

I denne samanhengen er det at Aamund K. Bu kjem med eit forslag som går på å byggja veg frå Eide over Stokselsdalen til Vallevik og derifrå med bru over fjorden til Bu.

I Bergens Tidende 6 april 1938 tek avisa tanken opp med avdelingsingeniør Ødegård i Hordaland vegkontor.
”Når Hardangerveien er nådd fram til Eide er det enda et stykke igjen til målet.; Eidfjord. Den kjente bonde og museumsmann Åmund Bu har fremsatt et forslag som vil sette Bergen og nordsiden av Hardangerfjorden i veisamband med det øvrige land. Den rette løsning på problemet mener han er å å undgå ferjesamband ved å bygge vei fra Eide over Stokselsdalen til Vallevik og der fra bro over til Bu. Spørsmålet er i tilfelle om en skal velge vei over Stokselsdalen eller tunnel.

Vi har forelagt saken for avdelingsingeniør Ødegård,som uttaler at trafikkmessig sett vil en slik løsning være den beste så vel for Vestlandet, Bergen som for Østlandet. Vei med bru over fjorden til Bu vil korte inn reiselengden Bergen – Eidfjord og enda mer reiselengden Bergen – Odda. Det kostbare veiprosjekt fra Ulvik rundt to fjordarmer til Eidfjord, som er med i fylkesveiplanen, vil da falle bort. Den løsning som hr. Bu nevner vil ikke bli mindre kostbar, men den trafikkmessige beste løsning må en som regel betale rundlig for. Vei eller tunnel i forbindelse med bro til Bu er avgjort et pengespørsmål; hvilke midler som kreves kan bare detaljerte undersøkelser bringe på det rene.

Teknisk sett er planen fullt gjennemførlig. Det må bli en hengebro som bygges da fjorden her er så dyp at det er umulig å legge pilarer ute i sjøen. Andre steder i verden er det bygget hengebroer med slik lengde som det her er tale om. Fjorden er mellem tusen og 1200 meter bred her, og der måtte bygges en hengebro av lignende type Fyksesund bro, men nesten fem ganger så lang som denne. Utgiftene blir dessverre langt mer enn det femdobbelte av hva Fyksesund bro koster, idet en bro's kostende stiger uforholdsmessig mer enn lengden.

Det har ikke vært på tale å undersøke hvad Åmund Bu's prosjekt vil koste , men hr. Ødegård finner ideen så interessant at han nok kan tenke sig at overingeniøren gjerne vil gå igang med undersøkelsen , hvis der blir stillet midler til disposisjon.”

På 1980-talet vart spørsmålet om bru over Hardangerfjorden teke opp att. Kommunane Ullensvang, Odda, Eidfjord, Kvam, Voss og Bergen forplikta seg til å betala inn ein viss sum kvart år for å vera med og finansiera brua.

Hardangerbrua vart vedteken i Stortinget 28 februar 2006.
Når Hardangerbrua står ferdig i 2013 har ho eit hovudspenn på 1310 m og ei totallengd på1380 m. Det er også bygd 2,4 km tunnel og 0,8 km med ny veg i dagen. Prosjektet har då kosta ca. 2,3 mrd. kr.